Merkevareprisen 2017 til Møgedal Mek. Verkstad

Ryfylkealliansen sin merke- varepris 2017 går til suldalsbedrifta Møgedal Mek. Verkstad.

Det var ein glad dagleg leiar, Leif Bakka, som tok imot prisen på Landa.

Profilerer Ryfylke
Styreleiar i Ryfylkealliansen, Margoth Sundsbø, sa under utdelinga at vin- nar-bedrifta er ein framifrå ambassadør for Ryfylke som viser godt igjen langt utanfor Ryfylke sine grenser. Ho trek- te fram korleis Møgedal Mek. Verkstad brukar ryfylkelogen aktivt og den årlege haustmarknaden dei arrangerer.
– Som bortimot einaste ryfylkebedrift samlar bedrifta nærare 3 000 menneske år etter år i det som må kallast ein festi- val. Festivalen er ei herleg blanding av marknad, mat, kultur og messe og er eit populært tiltak både for dei som bur i og
utanfor Suldal, sa Sundsbø under over- rekkinga.

Knallkjekt
Det er kommentaren til Leif Bakka dagen der på. Han visste på førehand ingenting men skjønte fort kven det dreidde seg om då Sundsbø starta å lesa opp frå grunngje- vinga. Bakka seier at for dei har alliansen betydd mykje. Nettverket med kontaktar dei får ved å vera med, har resultert i nye kundar utanfor regionen.
– Dette er knallkjekt og veldig overras- kande. Feiringa legg me til personalmø- tet, og då kan eg lova noko godt til alle her oppe, lover ein strålande nøgd dagleg leiar.

Foto: Kristofer Ryde, Negative

← Tilbake

Annonsar frå brukttorget: